Annonse
Nesten halvparten av fjørfebøndene hadde manglar når det gjaldt kartlegging og risikovurdering av støv, gass og informasjon om slik eksponering. Foto: iStock
Nesten halvparten av fjørfebøndene hadde manglar når det gjaldt kartlegging og risikovurdering av støv, gass og informasjon om slik eksponering.    Foto: iStock

Helsa til mange fjørfebønder i fare


Meld deg på nyhetsbrev fra Matindustrien

E-post:


 

 

 

 

 

Det kom fram da Arbeidstilsynet gjennomførte tilsyn og rettleiing hos 49 fjørfebønder i fjor, skriv tilsynet i ei pressemelding.

Noreg er det cirka 530 bønder som jobbar med egg og kvitt kjøt. Gjennom desse tilsyna har Arbeidstilsynet vore på tilsyn hos omtrent 10 % av næringa, der det var særleg lagt vekt på kjemisk og biologisk helsefare. Hensikta med tilsyna var å kontrollere om det var satt i verk tilstrekkelege tiltak for å redusere risikoen for luftvegslidingar og hudplager ved arbeid med fjørfe.

Reaksjon i 2 av 3 tilsyn

Nesten halvparten av fjørfebøndene hadde manglar når det gjaldt kartlegging og risikovurdering av støv, gass og informasjon om slik eksponering. Det ble avdekt brot i omtrent halvparten av verksemdene når det gjaldt kartlegging og risikovurdering av støv og gass, og informasjon om slik eksponering.

Det ble gitt reaksjon i 67 prosent av tilsyna, dei fleste som vedtak om pålegg. I tre tilsyn var det nødvendig med vedtak om tvangsmulkt for å få fjørfebøndene til å oppfylle pålegga.

LES RAPPORTEN: Kjemisk eksponering i fjørfehold

– Funna viser at det framleis er behov for merksemd på luftvegsplager i fjørfehaldnæringa, seier seniorrådgivar i Arbeidstilsynet, Anne Marie Lund Eikrem.

Det som ikkje er på plass hos fleire av verksemdene er blant anna:

  • Kartlegging og risikovurdering

  • Tilstrekkelege risikoreduserande tiltak

  • Informasjon og opplæring til arbeidstakarar

Særleg utset for luftvegsplager

Ein studie gjort av Statens Arbeidsmiljøinstitutt (Stami) viste at heile 14 prosent av norske husdyrbønder har kols. Samanlikna med yrkeskollegaer som driver med planteproduksjon, har husdyrbøndene 30 prosent høgare førekomst av kols.

LES MEIR: Biologiske faktorer i arbeidslivet

Lufta i fjørfehus er ofte forureina av støv som kjem frå dyra, strø, fôr og ekskrement. Fjørfebønder kan derfor puste inn store mengder støv i arbeidet. Finstøvet inneheld eit mangfald av biologiske komponentar, som bakteriar, soppsporer, midd og allergen som igjen kan føre til betennelsar og sjukdom i lunger og luftvegar.

Fjørfebønder kan også bli eksponert for ammoniakk som blir danna ved kjemiske reaksjonar i dyreekskrement. Ammoniakk kan i låge konsentrasjonar irritere auge, nase og øvre luftvegar. I tillegg nyttar dei ofte helsefarlege kjemikaliar til reingjering.

Kva kan ein gjere?

Bortsett frå at dei som jobbar med fjørfehold bør ta jamlege og målretta helseundersøkingar, er det viktig med gode ventilasjonsanlegg i fjøsa.

Reingjeringsmetodar som minimerer støv, er også et viktig tiltak. Tilsyna viste at grovreingjeringa blir gjort på mange ulike måtar. Nokre av metodane er særleg uheldige med tanke på oppvirvling av støv. Dette gjeld for eksempel bruk av trykkluft, lauvblåser eller bruk av kost, spade og trillebår. Fleire av dei besøkte verksemdene brukte desse metodane. Av dei betre metodane inspektørane såg var bruk av industristøvsugar, som minimerer danninga av støv.  

 

Annonse
Annonse