Nyheter

Bildet er fra Dyrsku’n eit tidlegare år.

Dyrsku'n får 11,2 millionar i koronastøtte

Dyrsku’n er avlyst for første gang sidan 1866. Regjeringa gir 11,2 millioner i kompensasjon.

Publisert Sist oppdatert

– Dyrsku'n er eit omgrep. Dyrsku'n er ein institusjon – for bønder, for bygdefolk og for folk flest. Dyrsku’n er folkefest og møteplass. Det har vore viktig for meg å leggje til rette for at Dyrsku'n skal kome seg gjennom denne krevjande perioden og vere i stand til nye arrangement i åra som kjem, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

LES MER | Avlyst på grunn av faren for koronasmitte

Viktig møteplass

Dyrsku'n har i alle år sidan 1866 blitt arrangert til same tid; andre helga i september, og på same plass; Dyrsku-plassen i Seljord.

– Dyrsku'n har vakse seg stor og manfoldig, men har i alle år halde fast på kjerneaktiviteten; husdyrutstillinga, som bokstaveleg tala er i sentrum, seier Bollestad.

Ho meiner Noreg treng slike møteplassar som Dyrsku'n.

– Det er viktig for bygdene våre og samfunnsutviklinga, Dyrsku'n har utvikla seg til å bli ein viktig arena for politiske diskusjonar.

Store tap

Dyrsku'n er Noregs største handels- og landbruksmesse og samstundes ein viktig møteplass i bygde-Noreg. Dyrsku'n har vore arrangert på Dyrsku-plassen i Seljord kvart år gjennom 154 år. Det møter om lag 90.000 på Dyrsku'n gjennom tre dagar. I løpet av desse dagane blir det omsett varer for meir enn 500 millionar kroner frå meir enn 800 utstillarar.

Når Dyrsku'n i år må avlyse, vil tapet i omsetnad for Dyrsku'n vere på om lag 70 millionar kroner og setje selskapet i ein svært krevjande økonomisk situasjon.

Dyrsku-plassen er ei stifting, som er eigd av Seljord kommune og Telemark Landbruksselskap. Under Dyrsku'n er det om lag 2.000 personar som har oppgåver i samband med arrangementet, anten for sitt lag/sin organisasjon eller direkte for Dyrsku'n.

Lokalsamfunnet, først og fremst i Seljord, nyt godt av ringverknadane. Telemark Næringshage reknar med at årets avlysing vil føre til ein reduksjon for lokal handel på inntil 300 millionar kroner. Lokale lag og organisasjonar i regionen mister inntekter frå arrangementet på over 10 millionar kroner.

Powered by Labrador CMS